img1
img2
img3

Kyrkjevegen

Kyrkjevegen
Geocachelauget blåser nytt liv i Kyrkjevegen på Hareidslandet.

I 1872 vart det gjort avtale om grunn til veg frå Bjåstad  til Kaldholen, Røyset og Røysetbakken. Oppsitjarane gav grunn til ein 4 alen brei veg. Avtalen blei gjort med kommunen og blei underskriven 4. september 1872 og tinglesen 9. januar 1873. Vegen vart opparbeidd ikring 1875. Kommunen hadde løyvd 350 specidalar til prosjektet, og arbeidet vart gjort på dugnad.
Før denne vegen kom, gjekk folket gjerne kyrkjevegen når dei skulle til kyrkja.Denne vegen går gjennom utmarka frå der det starta bebyggelse på Røyset, ovom Kaldholen og nordover kvitholen. Ved Vabakk laut dei vade over elva. Vegen er truleg brukt frå 1500-talet ein gong, kanskje tidlegare, og fram til ca 1875, då den nye vegen til Røyset vart bygd. Kyrkjevegen er ikkje veldig synleg, bortsett frå bytesteinane, som er på begge sider av vegen er synleg nokre stader, med frekvens på ca 50 meter mellom. Vegen er prega av å vere våt mange stader, og i skogsfelt ligg der mykje vindfallen skog, så det kan vere ei prøving å kome gjennom her og der. Cacheprosjektet er ein tanke om fokus, som ein håper kan leie fram til auka innsats på dei historiske poenga og kulturminneverdiane vegen og plassane har. Dersom du stoggar ved ein husplass eller leitar etter for eksempel. merraset, er det strengt forbode å grave i noko som helst for allmenta, heller ikkje flytte stein. Geocachelauget har derimot løyve til leiting som inneber undersøkjingar, frå fylket, men dette gjeld berre saman med Jcmypal.

Den indre delen, Skoravegen, er nok brukt endå seinare enn dette. Vegen frå Røyset til Ulset, kom antakelig ikkje før ca 1930.

Ved å gå denne vegen frå Røyset og utover i utmarka, vil ein når ein kjem til nordsida av det kommunale plantefeltet, befinne seg nedanfor Merrasetra, som ligg i utmarka mellom Røyset og Kaldhol i øvste enden av plantefeltet.
Merrasetra var truleg vore oppteken ein gong i middelalderen, og kan samanliknast med andre bruk som ligg ved denne vegen og som er å rekne meir som husmannsplassar.
Merrasetra er om lag 150 meter over havet, i skråninga opp mot melshornet. Ein liten bekk, Kvernaveita renn forbi her og ned i Snipsøyrvatnet.
Merraset hadde fleire nemde brukarar, som gav mindre og mindre i tiend.
Kring 1620 er her ingen nemd, etter encken Mensetter som ikkje er namngjeven.
I 1617 er det nemd at Mennsetter er øde, og det finst ikkje skriftelege kjelder om det i ettertid.
Plassen er ikkje lokalisert i seinare tid, men håpet om oppdagelsar er levande.
Brukarane busette seg truleg etter 1521 og det er nemd brukarar etter registreringar her fram til 1616.

Går ein vidare utover går ein forbi Hareidset, ein husmannsplass som låg nedanfor kyrkjevegen. Denne plassen måtte bebuarane flytte frå, fordi krøtteret vart plaga av hoggorm og det gjekk ikkje an å drive bruk der. Etter dette var det ikkje folk på Hareidset.

Frå Røyset og innover til Ulset går «Skåravegen», ein veg som er like gamal som kyrkjevegen, og er eigentleg ein del av kyrkjevegen, for dei som bodde på Ulset. Vi kallar heile vegen gjerne kyrkjevegen frå Ulset til Hareid på Røysetsida, men den inste delen kallar lokale for Skåravegen.
Skåravegen går inn til Skåra, der ein lett finn murane etter bruket på skåra som vart lagt øyde etter kalmarkrigen, sidan mennene kom vekk der, og enkja vart sitande att.
Det er liksom ei kluft i fjellet og det syner tufter etter hus som har stått der.
Når det er noko meir enn vanleng på Ulset, brukar folket å seie: «Det er som det skulle vore Skura-meggjå.»


Vi har nå plassert ut nokon utlegg langs Kyrkjevegen. Disse har fått navn HodR-Kyrkjevegen.
Etter kvart vil det også kome fleire. Geocachene vil ha ulik vanskelegheitsgrad og utfordringar.


Foto: Geocachelauget